Kommunedirektøren er klar i si vurdering: Tiltaket ved Brattvåg ungdomsskule gjeld oppgradering av tekniske anlegg, elektrisk anlegg, tak, lys og ventilasjon. Målet er betre HMS, betre arbeidsmiljø, lågare energibruk og å løyse utfordringar med dårleg inneklima og uforsvarlege arbeidsforhold. Dette er ikkje kosmetikk, men heilt grunnleggjande krav til eit moderne skulebygg. Kostnaden er 2,5 millionar kroner.
Likevel vel posisjonen å ta dette ut av budsjettet – medan dei samstundes løyver 1 million kroner til nye kinostolar.
Dette er ei prioritering som er vanskeleg å forstå og umogleg å forsvare. Når betre sittekomfort for kinopublikum blir viktigare enn inneklima, tryggleik og arbeidsforhold for ungdomsskuleelevar, har ein mista retninga. Posisjonen prioriterer altså kinoen framfor ungdomsskulen i Brattvågen.
I Framstegspartiet, Høgre og Venstre sine alternative budsjett vart det gjort heilt motsett. Der var det ei sjølvsagd prioritering å setje skuleelevane først. For oss er dette ikkje ein vanskeleg avveging, men rein sunn fornuft: Skulebygg skal vere trygge, sunne og i forsvarleg stand før ein brukar pengar på komforttiltak i kulturbygg.
Dette handlar ikkje berre om tal i eit budsjett, men om ansvar og verdiar. For Framstegspartiet, Høgre og Venstre kjem barna og skulen først. For posisjonen i Haram kjem dei openbert i andre rekke.
Christian Holstad Lilleng (Venstre), Kathrine Pernille Beite (Høgre) og Karoline Kjerstad Grønli (Framstegspartiet)