Kva kostar eigentleg barnehagen på Lepsøya?

Aron Burden/Unsplash

Torsdag vedtok posisjonen i Haram kommune å ikkje slå saman barnehagane på Lepsøya og Haramsøy. Grunngjevinga var å skape bolyst på Lepsøya. Det er eit forståeleg mål. Samstundes valde fleirtalet å la vere å snakke om eit heilt avgjerande spørsmål: kva kostar dette valet Haramssamfunnet i heilskap?

Kommunedirektøren har i si vurdering gjort ei nøktern utrekning av dei ekstra kostnadene ved å halde Lepsøy barnehage open, samanlikna med å gi barna plass i andre barnehagar berre få minutt unna – med same bemanningsnorm og kvalitet.

Tala er tydelege. Ved ei nedlegging ville kommunen spart om lag 1,4 millionar kroner årleg berre til drifta når tiltaket har full verknad. Innsparinga kjem i hovudsak av:

  • redusert styrarressurs (om lag 0,5 mill. kr),
  • ei heil pedagog- eller fagarbeidarstilling (om lag 0,8 mill. kr),
  • samt lågare bygg- og vedlikehaldskostnader.

Men dette er ikkje heile biletet.

Når kommunen reduserer kostnadene i dei kommunale barnehagane, får det også konsekvensar for overføringane til private barnehagar. Desse overføringane er direkte knytte til gjennomsnittskostnaden i dei kommunale barnehagane, og blir justerte med to års etterslep.

Det betyr at ei samanslåing av barnehagane på Lepsøya og Haramsøya i 2026 ville gitt:

  • ein halvårsverknad på om lag 600 000 kroner i reduserte overføringar i 2028,
  • og deretter ein heilårsverknad på om lag 1,2 millionar kroner årleg frå og med 2029.

Dette er reelle pengar som kommunen må betale ut.

Likevel vart denne effekten ikkje nemnd i den politiske debatten. I staden fekk ein inntrykk av at alternativet til dagens løysing var eit dårlegare barnehagetilbod for barna. Det stemmer ikkje. Barna ville fått plass i nærliggande barnehagar få minutt unna med same bemanning og faglege krav.

For Venstre handlar dette om prioriteringar. Vi meiner det er feil å bruke store summar på å halde oppe svært små einingar, når dei same midlane heller kunne blitt brukte til å styrkje kvaliteten i barnehagetilbodet for langt fleire barn.

Med nær 2,6 million kroner årleg i frigjorte midlar kunne kommunen:

  • auka bemanninga i dei kommunale barnehagane,
  • styrkt det spesialpedagogiske arbeidet,
  • gitt dei tilsette betre rammer for tidleg innsats og tettare oppfølging.

Færre, men betre rusta barnehagar gir meir kvalitet – ikkje mindre. Det er slik vi skaper reell bolyst: gjennom gode tenester, sterke fagmiljø og trygg kvardag for barna, ikkje ved å binde store ressursar i kostbar struktur.

Venstre ønskjer ein barnehagepolitikk der pengane i størst mogleg grad går til barna og det pedagogiske arbeidet. Den debatten tok ikkje fleirtalet. Det meiner vi er synd – både for barnehagane og for Haramssamfunnet som heilskap.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre