Regjeringa overkøyrer Stortinget – og set barnehagetilsette i spel

Barnehage
Barnehage, Foto: Tatsiana Volkava, iStock.com

Rett før jul fastsette kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ei ny forskrift om pensjonstilskot til private barnehagar. Forskrifta har utløyst sterk kritikk, både på grunn av innhaldet og måten saka er handtert på.

Ifølgje berekningar frå Private Barnehagers Landsforbund vil åtte av ti private PBL-barnehagar få mindre pengar til pensjon enn dei har i dokumenterte kostnader. For dei tilsette betyr dette reell uvisse rundt pensjonsordningane sine. Når barnehagane ikkje får dekt faktiske pensjonsutgifter, blir dei pressa til å redusere pensjonsnivå, endre avtalar eller i verste fall svekkje andre delar av tilbodet. Dette skjer samstundes som kommunale barnehagar får full dekning av sine pensjonskostnader kvart år.

Prosessen er òg sterkt kritikkverdig. Forskrifta vart sendt ut to dagar før jul, noko som i realiteten reduserer rommet for politisk og fagleg debatt. Når ei regjering vel å gjennomføre så inngripande endringar på denne måten, svekkjer det tilliten både hos tilsette og arbeidsgivarar i sektoren.

Innhaldet i forskrifta bryt dessutan med klare stortingsvedtak. I vedtak 868 (3. juni 2025) bad eit breitt fleirtal regjeringa om ei forutsigbar søknadsordning som skulle sikre dekning av dokumenterte pensjonskostnader. I vedtak 9 (14. oktober 2025) slo Stortinget fast at ordninga skulle vere permanent, fullfinansiert og tre i kraft frå 1. januar 2026, med full kompensasjon til kommunane.

Likevel innfører regjeringa ei ordning der barnehagar må ha minst fem prosent underdekning over tre år før dei kan søkje, kombinert med eit tak på 13 prosent. Dette inneber ventetid og økonomisk risiko som private barnehagar må bere åleine. Konsekvensen er at dei tilsette i private barnehagar ikkje lenger kan vere trygge på at pensjonsrettane deira blir ivaretekne på same måte som i kommunale barnehagar.

For Haram kommune er dette ikkje berre prinsipielt. I 2025 fekk kommunen ein ekstrautgift i millionklassa knytt til pensjonskostnader i barnehagesektoren. Når staten ikkje følgjer opp eigne vedtak, blir rekninga skyvd nedover i systemet.

Difor meiner vi i Framstegspartiet, Høgre og Venstre i Haram at ordføraren må leggje fram ei oversikt over korleis denne forskrifta slår ut for Haram kommune, både økonomisk og administrativt. Skal vi sikre stabile arbeidsvilkår og gode barnehagetilbod, må regjeringa respektere Stortinget sine vedtak og ta ansvar for konsekvensane av eigen politikk.

Caroline Kjerstad Grønli (Framstegspartiet)
Katrine Pernille Beite (Høgre)
Christian Holstad Lilleng (Venstre)