Lærernormen er ein minstenorm for lærartettleik, vedteken av Stortinget i 2018. Ho slår fast at det i snitt skal vere maksimalt 15 elevar per lærar på 1.–4. trinn, og maksimalt 20 elevar per lærar på 5.–10. trinn. Poenget er enkelt: å sikre at elevar får nok vaksne rundt seg, tidleg innsats og betre oppfølging – uavhengig av kvar i landet dei bur.
Fleirtalet i Kommunekommisjonen argumenterer med at kommunane sjølve veit best korleis ressursane bør fordelast, og at staten ikkje bør detaljstyre. I teorien kan det høyrest fornuftig ut. I praksis veit vi likevel kva som ofte skjer når kommuneøkonomien blir pressa: Det er lettare å kutte i talet på lærarar enn i lovpålagde oppgåver. Resultatet blir større klassar, meir arbeidspress på lærarane og mindre tid til kvar enkelt elev.
Utan lærernormen risikerer vi også å få ein meir ulik skole. Kommunar med god økonomi vil kunne halde oppe høg lærartettleik, medan kommunar som allereie slit, kan bli tvinga til å redusere bemanninga. Då får vi eit skolesystem der kvaliteten i opplæringa i større grad avheng av postnummer – og det strir mot heile tanken bak fellesskolen.
For Venstre er kunnskap, tidleg innsats og like moglegheiter heilt grunnleggjande verdiar. Då kan vi ikkje vere med på å svekke eit av dei viktigaste verktøya vi har for nettopp dette. Lærarane treng handlingsrom, ja – men dei treng også gode og trygge rammer for å kunne gjere jobben sin.
Det er fullt mogleg å diskutere justeringar og forbetringar av lærernormen. Men å fjerne henne heilt, slik fleirtalet i Kommunekommisjonen tek til orde for, er feil veg å gå – særleg i ei tid der mange elevar treng meir oppfølging, ikkje mindre.
Å skrote lærernormen vil ikkje gi ein betre skole. Det vil gi ein dårlegare og meir urettferdig skole. Det bør vi seie tydeleg nei til.
Christian Holstad Lilleng
Lærar og gruppeleiar i Haram Venstre