Digitale einingar i skulen – kva gjer Haram?

Foto: Wavebreakmedia, istock.com

Ålesund kommune har nyleg vedteke at elevar på 1.–7. trinn ikkje lenger får ta med digitale einingar heim. Bakgrunnen er føringar frå Kunnskapsministeren og Utdanningsdirektoratet, som stiller krav om sterkare og meir alderstilpassa filtrering av innhald på elevane sine einingar.

I Ålesund er det konkludert med at dagens løysing ikkje oppfyller krava for barnetrinnet, og ein ROS-analyse er sett i gang før vidare tiltak blir vurderte.

Vedtaket inneber i praksis eit mellombels forbod mot heimelån av læringsbrett for dei yngste elevane, medan ungdomstrinnet kan halde fram som før.

Dette reiser eit naturleg spørsmål også i Haram som jeg håper det kan gis en kort orientering om i starten av neste formannskapsmøte:
Korleis vil Haram kommune følgje opp bakgrunnen for dette forbodet, og vil kommunen leggje seg på same linje som Ålesund når det gjeld bruk av digitale einingar på barnetrinnet?

Saka handlar både om barnas tryggleik, digital danning og om korleis nasjonale føringar skal tolkast og praktiserast lokalt. Venstre meiner det er viktig med openheit, kunnskapsbaserte vurderingar og lokal politisk forankring før ein gjer inngripande endringar i kvardagen til elevar og familiar.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre