Eit samla helsetun på Eidet er ei klok og framtidsretta løysing

Foto: Marc A Sporys/Unsplash

Haram kommune står framfor viktige val for framtidas helsetenester. Venstre meiner det er både fornuftig og nødvendig å greie ut ei løysing der fastlegekontora og andre kommunale helsetenester blir samla på eitt moderne helsetun – plassert på Eidet. Dette er ikkje ein ny eller tilfeldig idé. Tvert imot er Eidet alt peika ut som ei eigna lokalisering gjennom kommunale utgreiingar frå tida då Haram var del av Ålesund kommune. Venstre sitt forslag byggjer vidare på dette faglege grunnlaget.

Eit samla helsetun gir meir effektiv drift og betre ressursutnytting. Når fastlegar, helsesjukepleiarar, fysioterapi og administrative tenester ligg på same stad, kan ein samordne logistikk, dele mottak og venteareal og nytte teknisk infrastruktur meir effektivt. Det frigjer ressursar som i staden kan brukast på pasientane.

For innbyggarane betyr dette eit betre og meir heilskapleg helsetilbod. Når fleire fagmiljø arbeider tettare saman, blir det enklare med tverrfagleg samarbeid og mindre venting og overføring mellom ulike tenester. Pasienten møter ei meir samordna og oversiktleg helseteneste.

Eidet ligg dessutan strategisk godt til i kommunen, med gode kommunikasjonar og parkeringsmoglegheiter. Det gjer helsetenestene meir tilgjengelege for fleire, og reduserer praktiske transportutfordringar – både for pasientar og tilsette.

Ved å byggje nytt eller tilpasse moderne lokale på Eidet, kan kommunen få ei framtidsretta og fleksibel løysing som er rusta for både folketalsvekst og auka helsebehov. Samstundes vil eit helsetun på Eidet styrkje lokalmiljøet, gi området ei viktig samfunnsrolle og redusere den fragmenteringa vi i dag har med helsetenester spreidde på fleire stader.

Venstre meiner difor at ei samla løysing på Eidet fortener ei grundig og seriøs utgreiing. Det handlar om kvalitet, berekraft og eit betre tilbod for innbyggarane i Haram – både no og i framtida.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre