Er kinodrift ei kjerneoppgåve for kommunen?

kimenkino.no

Haram kommune har eit rikt og aktivt kulturliv, og Ingebrigt Davik-huset spelar ei viktig rolle som møteplass for kino, kultur og frivillig aktivitet. Samstundes meiner Venstre at det er på tide å stille eit grunnleggjande spørsmål: Er det blant kommunen sine kjerneoppgåver å drive kino og kulturverksemd i eigen regi?

Vi ønskjer difor at det blir sett i gang ei grundig utgreiing av om kulturdelen av Ingebrigt Davik-huset heilt eller delvis kan driftast av ein privat eller ideell aktør, medan kommunen framleis eig bygget og set klare rammer for bruken.

Ei slik utgreiing handlar ikkje om å svekkje kulturlivet, men om å vurdere om andre driftsformer kan gi meir aktivitet og betre utnytting av ressursane. Ein meir fleksibel og kommersielt driven modell kan i nokre tilfelle bidra til høgare inntekter, større programbreidde og meir liv i huset. Samstundes kan ei tydelegare ansvarsdeling og lokal drift gi ein meir brukar- og publikumsretta profil.

For kommunen kan ei alternativ driftsform òg frigjere ressursar som i større grad kan prioriterast til dei lovpålagde kjerneoppgåvene innan skule, helse og omsorg – område som i åra framover vil krevje både økonomisk handlingsrom og politisk merksemd.

Samtidig er det avgjerande at ei utgreiing tek på alvor dei viktige motførestillingane. Korleis kan ein sikre at det lokale kulturtilbodet blir vidareført og utvikla? Kva rolle skal demokratisk styring spele dersom drifta blir sett ut? Vil brukarbetalinga auke, og kva konsekvensar kan det få for frivillige lag, unge og andre som nyttar huset i dag?

Eit sentralt spørsmål er om det er rasjonelt at kommunen sjølv står for den daglege kinodrifta, eller om dette er ei oppgåve som ein privat eller ideell aktør kan løyse betre – med kommunen som eigar, bestillar og garantist for dei overordna kulturpolitiske måla.

Venstre meiner at slike spørsmål fortener ei open, kunnskapsbasert og førehandslaus utgreiing. Det er først når alternativa er skikkeleg vurderte, at vi kan ta gode og ansvarlege val for både kulturlivet og kommunen sin økonomi.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre