Bakgrunnen er ikkje mistillit til private barnehagar, men eit ønske om å sikre kommunen tilstrekkeleg handlingsrom også i framtida. Ved å ha minst éin kommunal barnehage i kvar kommunedel står kommunen sterkare når det gjeld kapasitet, beredskap og moglegheita til å oppfylle retten til barnehageplass for alle barn – også i Brattvåg-området.
Ei kommunal overtaking kan òg bidra til ei meir balansert og føreseieleg fordeling mellom kommunale og private barnehagar i Haram. Det gir betre styring med heilskapen i barnehagetilbodet, samstundes som private aktørar framleis kan spele ei viktig rolle.
Venstre meiner difor at kommunen bør gå i dialog, utan førehandskonklusjonar, for å vurdere om ei slik løysing kan vere til beste for barna, foreldra og kommunen på lang sikt.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre