La oss prøve varm mat i barnehage og skule

Nærbilde av barnehånd som leker med duplex lego. Vi skimter andre barneleker i en uskarp bakgrunn
Foto: Pixabay

Kvardagen i barnehage og skule handlar ikkje berre om undervisning og læring, men også om omsorg, trivsel og gode rammer for utvikling. Venstre ønskjer difor at Haram kommune startar eit avgrensa prøveprosjekt med varm mat i utvalde barnehagar og skular.

Maten kan produserast ved storkjøkkenet på Eidet omsorgssenter og distribuerast derfrå. Det gir både effektiv drift, høg mattryggleik og jamn kvalitet, samstundes som kommunen utnyttar eksisterande kompetanse og infrastruktur.

Det er fleire gode grunnar til å prøve ut ei slik ordning. Nokre barn kjem i dag utan matpakke, eller med mat som gir lite energi gjennom dagen. Varm mat kan sikre at alle barn får minst eitt næringsrikt måltid – uavhengig av bakgrunn og heimlege forhold. Forsking viser dessutan at barn som et regelmessig og godt, har betre konsentrasjon, læring og trivsel.

Eit felles, varmt måltid kan òg bidra til meir ro, struktur og fellesskap i kvardagen, både i barnehage og skule. Måltidet blir ein sosial arena som styrkjer relasjonar og gir rom for gode vanar rundt mat og helse.

Venstre ønskjer ikkje å innføre dette over natta, men å teste ordninga gjennom eit tidsavgrensa prøveprosjekt med klare mål for helse, læring og trivsel – og ei grundig evaluering etter eitt år. Slik kan kommunen få eit godt kunnskapsgrunnlag før ein eventuelt går vidare.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre