Sterkare samarbeid gir betre tenester

Foto: Filipp Romanovski/Unsplash

Haram kommune står overfor stadig meir komplekse oppgåver. Venstre meiner difor det er viktig at kommunen aktivt følgjer opp oppmodingane frå Statsforvaltaren om å styrkje det interkommunale samarbeidet.

Mange av utfordringane vi møter i dag – innan helse, barnevern, planlegging og tekniske tenester – krev fagmiljø som er større og meir robuste enn det ein einskild kommune kan byggje åleine. Det handlar om kompetanse, kvalitet og rettstryggleik for innbyggarane.

Gjennom samarbeid med nabokommunane kan Haram få tilgang til sterkare fagmiljø, meir stabile tenester og betre ressursutnytting. Samstundes er det viktig å understreke at interkommunalt samarbeid ikkje treng å gå på kostnad av lokal styring. Tvert imot kan klare avtalar og tydelege politiske rammer sikre både fagleg kvalitet og lokal kontroll.

Venstre meiner difor at Haram kommune bør ta ein aktiv rolle i å vurdere og initiere nye samarbeidsløysingar der det gir både fagleg og økonomisk gevinst. Det er eit ansvarleg grep for å sikre gode kommunale tenester – også i framtida.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre