Bjørnafjorden Venstre valde nytt styre og ny lokallagsleiar på årsmøtet 19. januar.
Vegard Strønen vart vald til ny leiar for lokallaget, etter Kristian Notland Harnes. Bjørnafjorden Venstre takkar Kristian for innsatsen som lokallagsleiar, og er glade for at han held fram i styret.
– Eg er glad for å ta over eit lag med mykje erfaring og sterkt engasjement, og ser fram til å jobbe saman for eit endå betre Bjørnafjorden, seier ny lokallagsleiar Vegard Strønen.
Bjørnafjorden Venstre vil halde fram med å vere ei tydeleg stemme for klima, natur og berekraft, samstundes som partiet vil arbeide for lokalt næringsliv, gründerskap, levande lokalsamfunn, eit sterkt lokaldemokrati og liberale verdiar.
Styret vart konstituert på styremøte 3. februar.
Det nye styret i Bjørnafjorden Venstre er:
- Vegard Strønen – leiar
- Linda Bolstad Strønen – nestleiar
- Arild Heggland – styremedlem
- Kristian Notland Harnes – styremedlem
- Bram Timmermans – styremedlem
- Cato Lyssand – kasserar
Varamedlemmer
- Sveinung Stensletten – varamedlem
- Lene Notland Harnes – varamedlem
- Astrid Dale – varamedlem