Vi som bur her, lever i eitt av dei tryggaste og mest privilegerte samfunna i verda. Dei fleste av oss vaknar kvar morgon utan frykt for bomber, dronar eller vald. Vi har tak over hovudet, tilgang til skule, arbeid og helsetenester, og lokalsamfunn som fungerer. Nettopp desse privilegia gjev oss òg eit ansvar når andre ikkje har dei same føresetnadene.
Bak kvart tal i denne saka står eit menneske: familiar, barn og enkeltpersonar som ikkje har valt situasjonen sin, men som er tvinga på flukt for å overleve. For dei handlar dette ikkje om komfort eller tilpassing, men om tryggleik og ei mogleg framtid.
I den politiske debatten har det vorte peikt på at fotballspelarar i Brattvåg IL må bu i Ålesund, fordi det ikkje finst nok bustader i Brattvågen. At dette i det heile tatt blir trekt fram i ein diskusjon om å ta imot menneske på flukt, er – for å vere ærleg – noko ein må riste litt på hovudet av. Det seier meir om perspektiva våre enn om sjølve bustadsituasjonen.
Ja, bustadmangel er ei reell utfordring, og bustadpolitikk må takast på alvor. Men i eit så privilegert samfunn som vårt bør vi òg vere tydelege på kva vi prioriterer. Når valet står mellom å gi tryggleik til menneske som flyktar frå krig, og å sikre best mogleg bustadløysing for privilegerte idrettsutøvarar, bør det valet vere ganske enkelt.
Flyktningar kjem ikkje hit for karriere eller livsstil. Dei kjem fordi alternativa er uuthaldelege. Når Haram har moglegheit til å ta imot 30 flyktningar, er det eit uttrykk for ansvar, solidaritet og medmenneskelegdom – verdiar eg meiner står sterkt i lokalsamfunnet vårt.
Dette handlar ikkje om symbolpolitikk. Det handlar om menneskeverd, om privilegium – og om kva slags samfunn vi ønskjer å vere når vi faktisk har moglegheit til å hjelpe.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre