Nynorsk, nachspiel og eit budsjettår på avstand

Steven van Zandt frå serien Lillyhammer. , FOTO: Rubicon TV / NRK Foto: Rubicon TV / NRK

Norsk språkpolitikk har aldri vore heilt A4. Ho starta ikkje med utgreiingar, Excel-ark eller konsulentrapportar. Ho starta – ifølgje historikarar, mytar og heilt vanleg sunn politisk logikk – rundt klokka 01:30 på natta i 1906. På eit nachspiel i Kristiania.

Det var då Venstre bestemte seg for at Noreg trong meir enn eitt skriftspråk. Resultatet vart nynorsk i skulen – og stiftinga av Noregs Mållag. Ingen foreslo å sove på det. Og godt var det.

For nynorsken vart ikkje berre eit språk. Han vart eit opprør mot embetsmannsveldet, ein hyllest til dialektane, og eit tydeleg signal om at også folk som seier ikkje, me, ka no då? og her i Haram skal kjenne seg heime i det offentlege Noreg.

Språkstriden har aldri handla om grammatikk åleine. Ho har handla om makt – om kven som får definere kva som er fint nok, rett nok og verd å bruke pengar på. Og ja: språkstrid er slitsamt. Men alternativet er endå verre: språkleg einsretting og kulturell gjesping.

I Haram er vi heldige. Her er nynorsk ikkje eit eksotisk museumsstykke, men noko som liknar mistenkjeleg mykje på det folk faktisk seier. Likevel taper nynorsken ofte i praksis. Ikkje i festtalar, men i lærebøker, system og prioriteringar.

Og det er her budsjettet kjem inn. For alle veit at det er der idealismen anten får vingar – eller blir lagt i ein perm merka «fint tiltak, men nei».

Difor er forslaget eigentleg ganske enkelt: Set av pengar til lærebøker for vaksenopplæringa i budsjettet for 2027. Då får administrasjonen god tid til å planleggje, rekne og leggje det ryddig inn i budsjettarbeidet – og samstundes følgjer vi den klare oppmodinga om å bruke minst mogleg pengar på «gode tiltak» i 2026.

Det er kanskje ikkje like romantisk som eit Venstre-nachspiel klokka halv to om natta i 1906.

Men om Venstre klarte å starte ein språkpolitisk revolusjon klokka 01:30 på eit nachspiel,
så klarer Haram kommune heilt sikkert å bestille nokre lærebøker i edru tilstand til året etter.

Språk er ikkje berre språk. Det er identitet. Og prioritering.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre