God næringspolitikk krev handling, ikkje symbolpolitikk

Foto: Nate Johnston/Unsplash

Torsdag vedtok kommunestyret å opprette eit eige næringsutval i Haram kommune. Venstre stemte imot. Det gjorde vi ikkje fordi vi er mindre opptekne av næringslivet – tvert imot. Vi gjorde det fordi vi meiner dette er feil prioritering no.

For det første er det kort tid att av denne kommunestyreperioden. Eit nytt utval vil ha avgrensa moglegheit til å få reell effekt før ny periode startar. Å bruke tid på å etablere nye strukturar no, når perioden snart er over, framstår lite målretta.

For det andre har kommunen i dag få konkrete saker som tilseier behov for eit eige næringsutval. Eksisterande strukturar tek vare på oppgåvene på ein tilfredsstillande måte. Formannskapet har innstillingsrett i prinsipielle saker, og administrasjonen har – i tråd med gjeldande delegeringsreglement – ansvar for løpande oppfølging, rettleiing og verkemiddelbruk.

Kommunedirektøren peika sjølv på fleire viktige moment i saka:

  • Haram har ikkje næringsfond som krev politisk fordeling av midlar.

  • Oppgåver som utdeling av Hoppid.no-midlar og rettleiing til gründerar er i dag delegert til administrasjonen. Å flytte slike saker til eit politisk utval vil kunne auke saksbehandlingstida.

  • Eit nytt utval vil ikkje få vedtaksmynde, men vere rådgjevande. Innstillingsretten vil framleis ligge hos formannskapet.

Når utvalet verken får vedtaksmynde eller eigne økonomiske verkemiddel, men primært skal ha ein rådgjevande funksjon, må vi stille spørsmålet: Kva konkret problem er det vi løyser?

Vi meiner også at etablering og drift av eit nytt utval vil vere kostnadskrevjande – både administrativt og politisk – utan at nytteverdien står i forhold til kostnadene. Det er sett av midlar i budsjettet, men møtegodtgjersle er berre ein del av kostnadsbildet. Tapt arbeidsforteneste, leiargodtgjersle og administrativ oppfølging kjem i tillegg.

For Venstre handlar dette om prioritering. Ressursane våre bør i størst mogleg grad nyttast til konkrete tiltak for næringslivet – rask saksbehandling, føreseielege rammer, god dialog og aktiv tilrettelegging – ikkje til å etablere nye organisatoriske nivå.

Vi er heilt einige i at næringsutvikling er avgjerande for framtida til Haram. Nettopp derfor meiner vi at innsatsen bør rettast mot handling og gjennomføring, ikkje fleire politiske strukturar på tampen av ein periode.

Venstre kjem til å vere ein tydeleg pådrivar for næringslivet i Haram også framover. Men vi meiner at betre næringspolitikk først og fremst handlar om innhald – ikkje om fleire utval.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre