Bakgrunnen var enkel: Dei mjuke verdiane taper ofte når budsjetta skal vedtakast. Tiltak som verkar over tid – og som ikkje utan vidare kan førast inn i eit tradisjonelt rekneark – risikerer å bli nedprioriterte. Samstundes veit vi at nettopp investeringar i folk, oppvekst, utdanning og arbeid er det viktigaste vi kan gjere for å redusere forskjellar og styrke berekrafta i kommunen.
Ordføraren svara den gongen at «Utanfor-regnskap» kan ha verdi i utviklinga av nye Haram, men at datagrunnlaget etter kommunedelinga ikkje var godt nok – verken frå SSB eller når det gjeld eigne kostnader isolert på tenesteområde. Det blei peika på at det på lengre sikt kunne bli meir aktuelt å ta i bruk verktøyet.
No har det gått snart to år.
I mellomtida har vi vedteke nye budsjett og nye prioriteringar. Vi har halde fram arbeidet med å redusere utanforskap og styrke levekåra i kommunen. Men spørsmålet er framleis det same: Måler vi godt nok om tiltaka faktisk verkar?
Venstre meiner framleis at:
-
Vi må dokumentere effekten av tiltaka vi set i verk.
-
Vi må synleggjere den langsiktige verdien av førebygging.
-
Vi må sikre at evalueringar ikkje berre blir øyeblikksbilete og subjektive vurderingar.
Difor ønskjer Venstre ei oppdatering på følgjande:
-
Er datagrunnlaget for Haram no betre enn det var våren 2024?
-
Har administrasjonen gjort nye vurderingar av om vi kan ta i bruk «Utanfor-regnskap» eller tilsvarande heilskaplege måleverktøy?
-
Kva konkrete steg er eventuelt tekne for å styrke datakvaliteten og moglegheita til å måle langsiktige effektar av levekårs- og utanforskapstiltak?
-
Når meiner ordføraren at tidspunktet er rett for å ta dette i bruk?
For Venstre handlar dette ikkje om eit teknisk verktøy. Det handlar om politisk styring. Om vi meiner alvor med å satse på folk som vår viktigaste kapital, må vi også vere villige til å måle verdien av den satsinga – sjølv når gevinsten kjem etter meir enn éin økonomiplan.
Vi ser fram til ei oppdatert vurdering frå ordføraren om korleis dette arbeidet ligg an – og korleis vi saman kan sikre at dei mjuke verdiane ikkje igjen taper for det som er lettast å telje.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar, Haram Venstre