Budsjettet er vedteke – men det er ikkje til gunst for folk flest i Haram

Christian Holstad Lilleng (Venstre) og Kathrine Pernille Beite (Høgre), Foto: Haram Venstre

I desember vedtok fleirtalet i kommunestyret budsjettet for Haram kommune. Høyre og Venstre stemte imot. Det gjorde vi fordi budsjettet prioriterer feil – og fordi konsekvensane no blir skyvde over på dei som treng fellesskapet mest.

Kjernen i problemet er klar: Posisjonen har valt å satse på eit badeland i fleire hundremillionarsklassen. Rekninga for dette kjem ikkje utan konsekvensar. For å få økonomien til å gå opp, har fleirtalet samstundes vedteke store kutt i helse- og omsorgstenestene. Det betyr mindre ressursar til eldre, sjuke og menneske med behov for hjelp i kvardagen.

Dette er ikkje teoretiske tal i eit budsjett. Dette er kutt som vil merkast i form av færre tilsette, mindre tid per brukar og strammare rammer i tenester som allereie er pressa. Når økonomien blir stram, er det helse og omsorg som blir salderingspost – medan badelandet blir ståande urørt.

Høyre og Venstre foreslo eit alternativ. I vårt budsjett sa vi nei til badeland i hundremillionarsklassen og ja til meir nøktern investeringspolitikk. Resultatet var at vi kunne skjerme helse- og omsorgstenestene frå kutt. Det handla om prioriteringar – ikkje om manglande ansvar.

Dei same feilprioriteringane ser vi òg andre stader. Fleirtalet valde å bruke over ein million på kinostolar, samstundes som dei sa nei til vårt forslag om 2,5 millionar kroner til rehabilitering av Brattvåg ungdomsskule. For oss er dette eit tydeleg signal om kva som blir sett først – og kva som må vente.

Budsjettet er vedteke, og det respekterer vi. Men det er viktig å seie det klart: Kutta i helse og omsorg er eit politisk val. Det var mogleg å velje annleis.

Høyre og Venstre vil halde fram med å kjempe for ein kommune der helse, omsorg og skule kjem før prestisjeprosjekt – og der folk ikkje må betale prisen for uvettig pengebruk.

Kathrine Pernille Beite (Høgre) og Christian Holstad Lilleng (Venstre)