Difor er eg både overraska og skuffa over at Haramsnytt ikkje har éi einaste sak frå torsdagens kommunestyremøte.
Vi fekk informasjon om at kommunen no har over 30 millionar kroner i overforbruk. Prognosane viser at vi kan gå over 20 millionar i underskot – og dermed vere nær ved å tømme disposisjonsfondet. Dette er dramatisk for ein ny kommune med stram økonomi.
Vi fekk høyre frå kommunalsjefen at Helse og omsorg må kutte 10 millionar kroner i budsjettet frå 2025 til 2026. Det vil få konsekvensar. For tenestene. For tilsette. For innbyggjarar som treng hjelp. Kva betyr dette konkret? Kvar skal det kuttast? Kven blir ramma? Dette er heilt opplagde spørsmål for lokalavisa å stille.
Kommunedirektøren åtvara også tydeleg mot å bruke meir pengar i år enn det som allereie ligg i budsjettet. Signalet var klart: Handlingsrommet er svært lite. Likevel – stille.
Ikkje minst informerte kommunedirektør Hammer om at kommunen no kjem til å flytte alle barna frå Tennfjord barnehage til Vatne skule for å sikre best mogleg gjennomføring av påbygging og oppussing ved Tennfjord barneskule. Dette gjeld nær 100 barn og familiane deira.
Ei slik avgjerd er ikkje berre ei praktisk løysing – ho grip direkte inn i kvardagen til mange små barn og foreldre. Ho vil føre til auka trafikk over brua på Vatne, to gonger om dagen, med dei utfordringane det kan innebere for trafikktryggleik, framkome og tidsbruk for familiane. Kva vurderingar er gjorde når det gjeld tryggleik? Korleis er foreldra involverte? Finst det alternative løysingar? Dette er spørsmål som fortener offentleg merksemd og kritiske oppfølgingsspørsmål.
Ordføraren informerte også om at det truleg ikkje vil skje noko med rivinga av Børsen på minst eitt år. Ei sak som har engasjert mange. Også det utan omtale.
Og då det vart stilt spørsmål om ombygginga av Flem skule, fekk vi vite at det ikkje kjem til å skje noko på ei god stund. Kommunen har ikkje innkjøpsavtale, og det står att både risikovurderingar og anbodsrunde før noko kan realiserast. Dette gjeld barn, foreldre og tilsette – og framtida til leirskulen.
Alt dette er informasjon som innbyggjarane har krav på å kjenne til.
Eg meiner ikkje at pressa skal meine det same som meg. Men eg meiner at desse sakene er så viktige at dei fortener omtale. Når lokalpressa ikkje prioriterer å dekke dei mest alvorlege økonomiske og strukturelle utfordringane kommunen står i, svekkjer det den offentlege samtalen.
Openheit og kunnskap er grunnlaget for tillit. Og tillit er grunnlaget for lokaldemokratiet.
Christian Holstad Lilleng,
Gruppeleiar Haram Venstre