Nynorsk er ikkje berre eit språkval

Nynorsk er ikkje berre eit språkval. Det er ein del av demokratiet vårt, likeverdet vi setter høgt og ein betydningsfull del av nasjonsbygginga vår.

Bergen har allereie vist vilje gjennom språkplanen Ordet fangar. Men planar tel ikkje i seg sjølve, dei tel først når dei blir praksis: når skjema og sjølvbeteningsløysingar faktisk finst på begge målformer, når nye digitale verktøy blir kjøpte inn med nynorsk på lik line, og når nynorskbrukarar møter respekt.

Det held ikkje at ambisjonane er fine; vi må vite kva som er gjort, kva som står att, og kva som er tidsplanen.

Derfor ber vi om ei melding om status i tiltaka i planen.

Nedprioritering av nynorsk, til dømes gjennom kutt i parallellklassar og signal om å ikkje opprette nye, er uheldig og går i feil retning.Bergen må byggje vidare på det gode arbeidet som gjorde kommunen til Årets nynorskbrukar, ikkje spenne bein på seg sjølv.

Nynorsk i Bergen skal ikkje vere noko ein må kjempe for å få meir av. Det skal vere noko ein kan bruke, heilt naturleg, i ein kommune som tek språkleg likeverd på alvor.

Bystyrerepresentant Ole Martini i Bergen bystyret 18.02.2026