Prestisje framfor prioritering?

Ordførar Vebjørn Krogsæter (SP)., Foto: Haram Venstre

Svaret frå ordføraren om Flem-bygget er oppsiktsvekkjande – men dessverre ikkje overraskande.

Allereie då saka om Camp Nordøyane og ombygging av det gamle skulebygget på Flem vart løfta, var vi i opposisjonen – Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre – krystallklare: Dette er feil prioritering til feil tid.

Vi har vore tydelege heilt sidan starten. Haram kommune står i krevjande økonomiske tider. Vi slit med å sikre grunnleggande kvalitet i den ordinære undervisninga. Skulane våre treng ressursar til lærarar, spesialundervisning, læremiddel og eit trygt læringsmiljø. Då meiner vi det er uansvarleg å bruke 4–5 millionar kroner på å bygge om eit gamalt, nedlagt skulebygg til ei teneste kommunen i utgangspunktet ikkje bør ha.

For dette er kjernen i saka: Leirskuleverksemd er ikkje ei lovpålagd kommunal oppgåve. Å sikre god, dagleg undervisning for elevane våre er det.

Likevel har posisjonen valt å prioritere dette prosjektet – og no ser vi resultatet.

Trass i at vedtaket vart gjort i haust, og midlar vart løyvde i budsjettet, står vi berre månader før planlagt oppstart utan at arbeidet er kome i gang. No får vi ei lang liste med tekniske forklaringar om rammeavtalar, konkurranseutsetjing, detaljprosjektering og byggesøknader. Alt dette er forhold som burde vore avklart før ein gjekk til vedtak. Det er ikkje administrasjonen si oppgåve å ta den politiske belastninga for dårleg planlegging.

Konsekvensane er heilt konkrete. Elevane får ikkje det tilbodet dei vart lova. Camp Nordøyane må framleis leige lokale, noko som gir ekstra kostnader. Potensielle inntekter frå utleige av bygget går tapt. Og kommunen sit igjen med både utgiftene og forseinkingane.

Endå meir alvorleg er signaleffekten. Når ein kommune med pressa økonomi vel å bruke fleire millionar på å bygge om eit gamalt bygg med uvisse rundt tilstanden, samstundes som skulane må snu på kvar krone for å få kvardagen til å gå rundt, då handlar dette ikkje om enkeltsaker. Det handlar om politiske prioriteringar.

Vi åtvara mot dette. Vi bad fleirtalet konsentrere seg om det viktigaste først: sikre den ordinære undervisninga, få kontroll på økonomien og prioritere lovpålagde oppgåver. I staden har ein valt å bruke tid, pengar og politisk kapital på eit prosjekt som no viser seg å vere både dårleg førebudd og dårleg prioritert.

Det mest oppsiktsvekkjande er kanskje at dette framleis blir omtalt som ansvarleg og kostnadseffektiv styring. Realiteten er at fleirtalet har sett i gang eit millionprosjekt utan å ha grunnarbeidet på plass. Det er ikkje ansvarleg. Det er politisk gambling.

Vi meiner Haram fortener betre prioriteringar enn dette. Når økonomien er stram og skulane våre treng ressursar no, kan vi ikkje tillate oss prestisjeprosjekt som kjem i vegen for kjerneoppgåvene. Vår bodskap er klar: Først klasserommet. Først elevane. Alt anna må kome etterpå.


Kathrine Pernille Beite (Høgre), Caroline Kjerstad Grønli (Framstegspartiet) og
Christian Holstad Lilleng (Venstre)