Lovnader som brast – og ei leiing utan retning

Faksimile frå ein av Harald Nordang (Senterpartiet) sine mange innlegg om storkommunen i Sunnmørsposten i 2021 og 2022. , (Faksimile fra Sunnmørsposten 15.okt. 2021)

31.januar 2022 skreiv Harald Norang frå Senterpartiet om kor gale det stod til i nye Ålesund – og kor mykje betre alt ville bli dersom Haram igjen vart eigen kommune. No er vi omtrent like langt inne i nye Haram som vi den gongen var i nye Ålesund. Det gir oss eit høve til å samanlikne ord med røyndom.

La oss vere heilt tydeleg:
Dette handlar ikkje om å gå tilbake til Ålesund. Det er ikkje eit tema. Haram er eigen kommune, og slik er det. Vi ønskjer å vere i Haram. Vi ønskjer at Haram skal vere ein føretrekt plass å bu og verke. Nettopp difor må vi tørre å snakke sant om situasjonen vi står i.

Den gongen vart det hevda at Haram var blant dei beste på regionsbygging, og at vi fint kunne stå åleine og samstundes vere ein sterk og løysingsorientert aktør i regionen. I dag ser vi ein politikk som dreg oss i motsett retning. Samarbeid blir erstatta med skepsis. Faglege råd utanfrå blir møtt med mistillit. I brannvesensaka valde ein å så tvil om vurderingane frå Ålesund brannvesen framfor å søkje løysingar. Slik byggjer vi ikkje ein sterk region rundt oss. Slik byggjer vi murar.

Vi fekk òg høyre at store prosjekt som Norborghallen og klubbhusa i Brattvåg og på Vatne var bevis på kva Haram kunne få til – og at dette ville bli vanskelegare i ein storkommune. Ja, vi fekk det til. Det var optimisme, investeringar og vilje til å løfte i lag. I dag er stemninga ei anna. Frivilligheita møter stengde dører og tronge rammer. Prosjekt som før vart møtt med «korleis får vi det til?», blir no møtt med «vi har ikkje råd». Vi er oppriktig redde for at dei 15 millionane som gjekk til klubbhuset til Brattvåg IL, kan bli dei siste større midlane kommunen klarer å stille opp med til slike fellesskapsprosjekt. Det seier noko om kva slags handlingsrom vi faktisk har – og kva retning vi er på veg i.

Så var det skulen. I 2022 heitte det at skulen var kutta «til beinet». I dag har posisjonen sjølv kutta 5 prosent i 2024 og ytterlegare 5 prosent i 2025. Dersom vi var ved beinet den gongen, er vi no snart inne i margen. Dette er ikkje polemikk. Det er budsjettvedtak.

Det vart også sagt at «tvangsekteskapet» gav oss dyrare og dårlegare tenester. Mange av dei med kommunalt vatn betaler i dag om lag 4 000 kroner meir i kommunale avgifter – berre fordi logoen på skiltet oppe ved Engesetdalsvatnet er bytta ut. Samstundes er tenestene våre underfinansierte.

Og så kjem realitetane som ikkje kan bortforklarast: BDO åtvara oss. No ser vi fasiten. Foreløpige tal for 2025 viser godt over 30 millionar kroner i overforbruk – godt over. På siste kommunestyremøte fekk vi dessutan vite at helse og omsorg må kutte 10 millionar kroner frå 2025-nivået for å tilpasse seg budsjettet dei har fått for 2026. Ti millionar kroner. Det er ikkje effektivisering i randsona. Det er djupe kutt i tenester som folk er heilt avhengige av.

I 2022 vart det åtvara mot at Ålesund kom til å auke eigedomsskatten kraftig. I dag er det posisjonen i Haram som har lufta tanken om auka eigedomsskatt. Samstundes melder Ålesund kommune om nær 31 millionar kroner i overskot berre i januar månad. Dei har hatt overskot to år på rad og set i 2026 av over 100 millionar kroner til disposisjonsfondet. Her heime må kommunedirektør Hammer gjenta og gjenta at dagens marsjfart i Haram ber rett inn på ROBEK dersom vi ikkje endrar kurs. Haram har hatt to år med store underskot, og disposisjonsfondet vårt er no i praksis tømt.

Dette handlar ikkje om å romantisere fortida eller late som om alt ville vore enklare ein annan stad. Det handlar om ansvar her og no. Når tala er raude, bufferane er borte og sektorsjefar varslar kutt i grunnleggjande tenester, då held det ikkje å vise til gamle folkerøystingar og gamle slagord.

Haram skal vere ein god stad å bu. Ein trygg stad å vekse opp. Ein attraktiv stad for næringsliv og frivilligheit. Det krev meir enn symbolpolitikk. Det krev strukturelle grep, openheit om alvoret og vilje til å styrkje samarbeid der det gir betre tenester og meir robuste fagmiljø.

Å vere for Haram betyr ikkje å vere imot alle andre. Å vere for sjølvstende betyr ikkje å vere blind for realitetane. Vi skal ikkje tilbake. Men vi skal framover. Og då treng vi ei leiing som tek ansvar for retninga – før økonomien og tenestene våre blir ytterlegare svekka.

Det er ikkje grenser som avgjer om Haram lukkast. Det er politiske val.

Caroline Kjerstad Grønli (Framstegspartiet), Kathrine Pernille Beite (Høgre) og Christian Holstad Lilleng (Venstre)