Bustadpolitikk er oppvekstpolitikk

Foto: Josh Olalde/Unsplash

Når Haram kommune no behandlar den boligsosiale handlingsplanen, handlar det om noko heilt grunnleggjande: retten til ein trygg stad å bu.

Ein boligsosial handlingsplan skal sikre at også dei som ikkje klarer seg på den ordinære bustadmarknaden får ein eigna bustad. Det kan vere eldre som treng ein meir tilrettelagd bustad, menneske med ulike helseutfordringar – eller familiar som av økonomiske eller sosiale grunnar slit med å finne ein stad å bu.

Her har kommunen eit tydeleg ansvar. Samtidig må vi vere ærlege: Ambisjonane i planen er gode, men økonomien i kommunen gjer det krevjande å realisere alt saman. Å bygge bustader krev store investeringar, og investeringsrommet til Haram kommune er avgrensa.

Difor må vi også vere ærlege om løysinga.

I Høgre, Venstre og Framstegspartiet trur vi ikkje at kommunen kan – eller bør – løyse bustadutfordringane åleine. Tvert imot meiner vi at gode samfunn blir skapte når offentleg sektor, private aktørar og lokalsamfunn jobbar saman. Det gjeld også i bustadpolitikken.

Private utbyggjarar sit på kompetanse, kapital og gjennomføringsevne som kommunen ikkje har i same grad. Dersom kommunen klarer å spele på lag med private aktørar, kan vi få fleire bustader raskare – og samtidig sørge for at ein del av bustadane vert tilrettelagde for dei som treng det mest. For Høgre, Venstre og Framstegspartiet handlar dette ikkje om å trekke kommunen tilbake, men om å bruke heile samfunnet sine krefter for å løyse felles utfordringar.

Samtidig må bustadane byggjast der behova faktisk finst. Haram er ikkje eitt tettstadssamfunn – vi er fleire lokalsamfunn med ulike behov. Nokre stader treng vi fleire gode eldreboligar slik at folk kan bli buande i nærmiljøet sitt lengre. Andre stader treng vi bustader for småbarnsfamiliar som av ulike grunnar slit på bustadmarknaden.

Og nettopp barna må vi aldri gløyme i bustadpolitikken.

For eit barn er ikkje ein bustad berre fire veggar og eit tak. Det er tryggleik. Det er naboar, venner og ein skule å høyre til på. Når familiar må flytte ofte fordi dei ikkje finn ein stabil bustad, går det utover barna. Difor bør vi så langt som mogleg leggje til rette for at barn kan vekse opp i stabile rammer – og få gå på den same skulen gjennom heile skuleløpet.

For Høgre, Venstre og Framstegspartiet er dette heilt grunnleggjande: Bustadpolitikk er også oppvekstpolitikk.

Den boligsosiale handlingsplanen peikar i riktig retning. Men gode planar aleine skaper ikkje nye heimar. Skal vi lukkast, må vi vere realistiske om økonomien, opne for samarbeid med private – og sørge for at løysingane treff behova i dei ulike lokalsamfunna våre.

Målet må vere klart: Fleire trygge heimar. Fleire stabile oppvekstar. Og ein kommune der også dei som treng det mest, får ein reell sjanse til å skape seg eit godt liv.

Kathrine Pernille Beite (Høgre), Caroline Kjerstad Grønli (Framstegspartiet) og Christian Holstad Lilleng (Venstre)