8. mars i Haram: Kven står opp for kvinnene?

Foto: Amber Kipp/Unsplash

I dag er det 8. mars. Ein dag for å feire fridom, moglegheiter og rettane kvinner har kjempa fram – men også ein dag for å stille eit enkelt spørsmål: Kven står faktisk opp for kvinners kvardag? I Haram kommune er svaret dessverre ofte det same: Venstre – aleine.

Gjennom denne kommunestyreperioden har vi løfta fram fleire konkrete forslag som kunne gjort kvardagen litt betre for kvinnene som held hjula i gang i kommunen vår. Forslaga har handla om arbeidsmiljø, helse og dei tenestene mange kvinner både jobbar i og er avhengige av i kvardagen.

Likevel har dei blitt stemt ned – gong etter gong – av fleirtalet i Haram: Sp, Ap, INP, SV og KrF.

Det mest tydelege dømet handlar om kvinnehelse. I Haram kommune er ein svært stor del av arbeidsstyrken kvinner, særleg i helse, omsorg, skule og barnehage. Det er dei som står i turnusane, tek dei tunge vaktene og sørgjer for at velferdstenestene våre fungerer kvar einaste dag.

Samtidig veit vi at kvinnehelse lenge har vore nedprioritert – også i arbeidslivet. For mange kvinner kan til dømes overgangsalder gi helseplager som påverkar både arbeidsevne og livskvalitet. Når dette igjen slår ut i sjukefråvær, blir konsekvensane store både for den enkelte og for kommunen.

Med eit sjukefråvær på nær 11 prosent burde det vere openbert at kommunen må tenkje nytt. Det gir store menneskelege belastningar og kostar kommunen dyrt. Derfor foreslo Venstre å setje av 1,5 millionar kroner til målretta nærværstiltak vi veit fungerer – mellom anna 750.000 kroner øyremerkt kvinnehelsetiltak.

Dette handlar ikkje om symbolpolitikk. Det handlar om å vere ein betre arbeidsgjevar for dei mange kvinnene som jobbar i kommunen vår – og om å ta kunnskapen om kvinnehelse på alvor.

Likevel vart forslaget stemt ned.

Det er vanskeleg å forstå prioriteringane når ein kommune med så mange kvinnelege tilsette ikkje ein gong er villig til å prøve tiltak som kan betre både arbeidsmiljø, helse og nærvær i arbeidslivet.

Venstre har også prioritert dei tenestene som betyr mest i kvardagen til mange kvinner: skule, barnehage, psykisk helse for unge og ei sterk helse- og omsorgsteneste. I vårt alternative budsjett foreslo vi meir pengar til desse områda, nettopp fordi vi meiner dette er investeringar i både velferd og likestilling.

Også desse prioriteringane vart stemt ned av fleirtalet.

På ein dag som 8. mars er det mange som snakkar varmt om likestilling. Det er bra. Men likestilling skjer ikkje først og fremst i festtalar.

Den skjer i politiske prioriteringar.

Når forslag som kan betre kvinners kvardag i Haram gong etter gong blir stemt ned av fleirtalet i kommunestyret, seier det dessverre sitt om kva som faktisk blir prioritert.

Venstre kjem ikkje til å slutte å løfte desse sakene. For kvinnene som held Haram i gang kvar einaste dag fortener meir enn fine ord ein dag i året.

Dei fortener politiske vedtak som faktisk gjer kvardagen betre.

God 8. mars!

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre