Kjære syster
(av Alice Gudheim, Valdres Venstre)
La meg fortelja deg kven du er, for meg
Vi som har vore systrer i ein time, i tre år, heile livet,
ein gong i framtida, i tusenvis av år
har vi vore systrer
Eit fellesskap vi ikkje har bedt om
som vi ikkje kjem unna
Eit fellesskap vi treng
Og dette veit vi
Ei syster veit
at både kjærleik
og mangel på kjærleik
kan gjere deg gal
Ei syster veit
korleis det er
å vere eit barn
å elske eit barn
å miste eit barn
Ei syster veit korleis handa til ein gamal far ser ut
og korleis ho kjennest
Ei syster veit kor lang og kor kald ei natt kan vere
og korleis sola varmar når ho stig
over hustaka
over skogkanten
over fjella
over byen
over havet
Ei syster veit
korleis nyvaska tøy luktar akkurat i denne morgonsola
etter å ha hengt ute heile denne lange natta
For det er ho som har vaska kvart fiber i kvart plagg
ho som har vevd det, sydd det eller kjøpt det
for pengar ho har fått eller pengar ho har tent
på ein jobb ho hatar eller på ein jobb ho elskar
Ei syster veit
korleis nakken og hovudet til eit spebarn luktar
Ho veit korleis harde fletter strammar i hovudbotnen
korleis ein knyter faste knutar
eller løyser dei
når snø
eller søle
eller livet
har festa seg i knutane og gjort dei nærast
uløyselege
Ei syster veit
kva ordet nei er, på alle verdas språk
Ei syster veit
korleis makt ser ut
korleis det luktar
og korleis det kjennest;
eit klapp på hovudet
eit blikk
eit knyttneveslag i magen
eit skuldertrekk
Ei syster veit korleis ein reiser seg
korleis ein går ut
korleis nakken rettar seg opp att
– flytande sinne og forsteina sorg
kan formast om
til vilje
Ei syster dansar med heile seg
ler med magen
og syng av full hals
Ei syster bøyer hovudet og nynnar sakte
Ei syster dekker håret fordi ho vil
Ei anna fordi ho må
Ei syster tek på seg dei høghæla skorne fordi ho vil
Ei anna fordi ho må
Nokre systrer foraktar dei som vil
andre foraktar dei som må
Nokre systrer er dårlege systrer
som dreg deg i håret, klyp deg i armen
kastar dokka di i søpla
Vi kjenner typen
fordi vi også har vore dårlege systrer
Mi syster
strekkjer ut handa
gjennom tid
gjennom rom
Ho er mi bestemors bestemor
mitt oldebarns dotter
Mi syster
kjem frå dei fjernaste strøk
ho er min næraste nabo
vi pratar eit språk eg ikkje kan
men likevel kan
fordi også eg veit
korleis det er å sakne
veit korleis det er å lengte
veit korleis det er å miste
eit barn
ei mor
ein draum
Mine systrer og eg
lagar rosevatn om sommaren
og byggjer snølykter om vinteren
Vi passerer kvarandre på kjøpesenteret
deler eit sete på bussen
sminkar oss i lag på jentedoen
kikkar på kvarandre over vekeblada på legekontoret
møtest ein gong i året for å feire
som i dag
eit fellesskap vi ikkje har bedt om
som vi ikkje kjem unna
eit fellesskap vi treng
Og dette veit vi

Fagernes, den 8. mars 2026