Uttalelse: Venstre vil ha eit framtidsretta hurtigbåttilbod i Ryfylke

foto: Kolumbus AS

Rogaland Venstres fylkesårsmøte vedtok søndag 8. mars en uttalelse om å sikre et godt og framtidsrettet hurtigbåttilbud i Ryfylke.

Hurtigbåttilbodet er ein viktig del av kollektivtransporten i Rogaland og spelar ei sentral rolle for mobilitet, busetjing og verdiskaping i Ryfylke.

Rogaland Venstre meiner at ei såkalla hub-løysing via Judaberg vil vere feil retning for utviklinga av hurtigbåttilbodet i Ryfylke og Rogaland. Ei slik omlegging vil etter vårt syn svekkje det samla tilbodet, auke reisetida og redusere føreseielegheit for pendlarar, næringsliv og andre brukarar.

Hurtigbåten er ein sentral del av infrastrukturen i Ryfylke og ein viktig føresetnad for mobilitet, arbeidsplassar og verdiskaping i regionen. For kommunar med betydeleg kraftproduksjon og industriell verksemd, til dømes Suldal og Sauda, er stabile og effektive samband avgjerande for å sikre konkurransekraft, rekruttering og vidare utvikling. Hurtigbåten spelar òg ei viktig rolle for utdanningstilbodet i regionen, mellom anna ved å knyte saman studiestadar og elevar ved Sauda vidaregåande skule sine avdelingar i Sauda og på Sand. Eit stabilt, effektivt og direkte hurtigbåttilbod er difor ein føresetnad for vidare utvikling i både Ryfylke og Rogaland.

Rogaland Venstre støttar nytenking, teknologiutvikling og miljøvenlege løysingar i kollektivtrafikken. Overgangen til låg- og nullutsleppsløysingar må prioriterast. Samstundes må endringar i strukturen ikkje føre til svekka tilgjenge eller løysingar som slår uheldig ut for delar av Ryfylke.

Rogaland Venstre vil vere ein tydeleg forsvarar av eit godt, direkte, miljøvenleg og framtidsretta hurtigbåttilbod for innbyggjarane i Ryfylke og Rogaland, i tråd med Venstre sine verdiar om berekraft, distrikt og framtidstru.

Venstre vil:

  • arbeide aktivt for at ei hub-løysing via Judaberg ikkje blir innført
  • vere ein tydeleg pådrivar for å bevare og styrkje direkte hurtigbåtsamband i Ryfylke
  • sikre at omsynet til innbyggjarar, pendlarar, utdanning, industri og næringsliv blir lagt avgjerande vekt på i vidare vurderingar av tilbodet
  • arbeide for miljøvenleg modernisering og vidareutvikling av hurtigbåttilbodet i Rogaland
  • arbeide for fleire avganger i hurtigbåtsamband for at tilbodet drives tidligere om morgenen og senere om kvelden samt redusere ventetid mellom avganger i sambanda
  • arbeide for at staten tek større ansvar for finansiering av hurtigbåttilbodet og bidreg til å redusere risikoen og kostnadene ved overgangen til nullutsleppsteknologi