Haram treng konkrete bustader – no!

Foto: Andre Ouellett/Unsplash

Haram Venstre støttar arbeidet med ny boligsosial handlingsplan 2026–2030, men vi meiner planen må konkretiserast for å bli eit reelt verktøy.

Ei boligsosial handlingsplan er kommunens måte å sikre at alle som treng det, kan få ein trygg stad å bu. Planen kartlegg behovet for ulike typar bustader – frå omsorgsbustader til bustader for unge og vanskelegstilte – og legg føringar for kva tiltak kommunen bør prioritere. Uten konkrete forslag er planen først og fremst ein oversikt, ikkje eit handlingsverktøy.

Haram Venstre meiner det er på tide at kommunen går frå ord til handling. Vi ber derfor om at kommunedirektøren legg fram ei sak der det blir konkretisert kor i kommunen bustadene bør byggjast – Brattvåg, Søvik, Vatne/Tennfjord, Nordøyane – kva type bustader vi treng, og kor mange vi bør planlegge i eit 10‑årsperspektiv. Dette gir politikarane eit betre grunnlag for å prioritere, sikrar god geografisk fordeling, og opnar for samarbeid med private og ideelle aktørar.

Alle innbyggjarar i Haram har rett til ein trygg stad å bu. Ei konkretisert boligsosial handlingsplan er nøkkelen for å få dette til – og Haram Venstre vil stå på for at planen faktisk blir brukt til å bygge framtida.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre