I første runde ønskte kommunen rekkefølgjekrav for fortau gjennom heile planområdet. Dette vart også støtta av fleire høyringsinstansar, som peika på kor viktig det er å sikre trygg ferdsel for gåande og syklande til ferjekaia.
No ser vi derimot at fortaua berre skal byggjast i sjølve kaiområdet. Den vidare gangvegen opp mot fylkesvegen er kopla til eit oppstillingsområde som ikkje skal realiserast i denne fasen. I praksis betyr det at store delar av gangløysinga kan bli utsett på ubestemt tid.
Venstre meiner dette ikkje er akseptabelt. Difor foreslår vi at kommunestyret ikkje godkjenner reguleringsplanen slik den ligg føre, men ber kommunedirektøren ta initiativ til dialog med Møre og Romsdal fylkeskommune om finansiering og realisering av fortau langs fylkesveg 659. På den måten kan ein samanhengande forlengelse av eksisterande fortau etablerast, og ein trygg gangtilkomst til den nye ferjekaia sikrast. Saka bør deretter leggast fram for ny politisk behandling når dette er avklart.
Ei ny ferjekai er viktig – men ho bør også vere trygg å gå til. Venstre vil sørgje for at mjuke trafikantar ikkje blir gløymde i denne prosessen.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre