Åtte år i plan – no må noko skje i Vatnedalen

foto: Haram Venstre

I planutvalet denne veka stilte Venstre eit spørsmål om jakt-, fiske- og friluftslivssenteret i Vatnedalen. Bakgrunnen er enkel: Prosjektet har vore diskutert i mange år, men framdrifta har vore vanskeleg å få auge på.

Allereie i januar 2024 bad formannskapet om ei oppdatering på status i saka. Den oppdateringa har politikarane framleis ikkje fått – før no, over to år seinare.

Svaret frå ordføraren er at plansaka formelt sett har vore «på sporet», men at arbeidet hos plankonsulenten har teke tid. Det har mellom anna vore krav om nye utgreiingar og dokumentasjon, og kvaliteten på tidlegare innsendte plandokument har vore for svak. No skal konsulenten arbeide vidare med å ferdigstille plandokumenta før saka kan leggast fram til første politiske behandling.

Det er bra at det no skjer noko. Men samtidig viser tidslinja kor krevjande dette har vore: Planoppstarten vart varsla heilt tilbake i 2016.

Når gode initiativ skal bruke nærmare eit tiår på å kome fram til første behandling, bør det få oss til å stille spørsmål om framdrifta i plansystemet vårt.

For Venstre handlar dette ikkje først og fremst om ei enkeltsak. Det handlar om korleis vi tek vare på gode initiativ i lokalsamfunnet. Når frivillige lag, organisasjonar eller private aktørar ønskjer å utvikle prosjekt som kan skape aktivitet, læring og verdiskaping, bør systemet rundt bidra til framdrift – ikkje bli ein flaskehals.

Eit jakt-, fiske- og friluftslivssenter i Vatnedalen kan bli mykje meir enn eit fritidstilbod. Det kan bli ein arena for opplæring i naturforvaltning, trygg våpenbruk, jaktetikk og friluftsliv. Det kan gi ungdom fleire møteplassar i naturen og bidra til både kompetanse og fellesskap.

Vatnedalen har naturgitte føresetnader for å få til noko slikt. Då er det også viktig at gode initiativ får ei ryddig og føreseieleg behandling.

No håpar vi difor at saka snart kjem til politisk behandling, slik at vi faktisk kan ta stilling til vegen vidare.

For gode prosjekt bør ikkje bli ståande fast i planlegging i årevis.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar, Haram Venstre