Kvar blei det av sentrumsbustadene i Brattvåg?

Foto: Haram Venstre

I 2021 vart det gitt politisk klarsignal for nye sentrumsbustader i Brattvåg. Planen omfatta både badeanlegg og bustadblokk, og vart presentert som eit viktig steg i utviklinga av sentrum. No har det gått over fire år – utan at vi har sett noko utvikling når det gjeld bustadene.

Difor bad Venstre i planutvalet om ei oppdatering på status: Kva har eigentleg skjedd med prosjektet?

Svaret frå ordføraren er at reguleringsplanen framleis gjeld, og at det ikkje er forhold i kommunen som har stoppa prosjektet. Bustadblokka er eit privat initiativ, og prosjektet er no lagt på is på grunn av høge byggekostnader.

Det er i seg sjølv forståeleg. Byggekostnadene har auka kraftig dei siste åra, og mange prosjekt over heile landet har blitt utsette.

Samtidig viser saka noko viktig: Vedtak i kommunestyret er berre første steg. Skal vi faktisk få utvikling i sentrum, må prosjekta også vere realistiske å gjennomføre.

Brattvåg treng fleire sentrumsnære bustader. Fleire som bur i sentrum gir liv i gatene, styrkjer handel og skaper grunnlag for eit meir levande lokalsamfunn.

Difor er det viktig at slike prosjekt ikkje berre blir fine planar på papir.

Venstre meiner kommunen bør vere ein aktiv samarbeidspartnar når gode initiativ kjem. Sjølv om utbyggjar har hovudansvaret, bør kommunen vere oppteken av kva som kan bidra til at prosjekt faktisk blir realiserte.

For sentrum utviklar seg ikkje av vedtak åleine.

Det skjer først når planane faktisk blir bygde.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar, Haram Venstre