Allereie i februar 2024 foreslo Haram Venstre fleire tiltak for å styrkje openheita i kommunen. Mellom anna tok vi til orde for å greie ut ei enkel registrering av påverknadskontakt med folkevalde – eit slags lobbyregister – slik at innbyggjarane kan sjå kven som prøver å påverke politiske avgjerder.
Svaret frå ordføraren er i hovudsak det same no som då: Haram kommune følgjer lovverket, og slike ordningar bør eventuelt kome som nasjonale pålegg før dei blir innført lokalt. I tillegg blir det peika på ressursbruk, personvern og at ei slik ordning ville vere tillitsbasert.
Det er argument vi i Venstre meiner bommar på poenget.
For dette treng ikkje vere komplisert. Openheit kan vere så enkelt som å føre oversikt over møte og kontakt som skjer i politiske saker – til dømes kven som møter ordføraren, kva saker det gjeld, og kven som ønskjer å påverke politiske avgjerder. Det ville gitt innbyggjarane betre innsyn i kva – og kven – ordføraren faktisk brukar tida si på.
At ei ordning er tillitsbasert, er heller ikkje noko nytt. Habilitetsreglane i politikken byggjer i stor grad på nettopp tillit til at folkevalde sjølve opplyser om bindingar. Likevel har vi dei – fordi openheit skaper ansvar.
Å vente på at staten skal påleggje openheit, er etter vårt syn ein defensiv måte å møte eit demokratisk prinsipp på. Lokaldemokratiet bør ikkje vere ei minimumsordning der vi berre gjer det vi må.
Dette handlar ikkje om mistillit til enkeltpersonar. Det handlar om å byggje system som gjer at avgjerder toler dagslys.
I små samfunn, der «alle kjenner alle», er openheit kanskje viktigare enn nokon gong.
Difor meiner Venstre framleis at Haram kommune bør gå føre – ikkje vente på at nokon andre skal gjere jobben for oss.
For vegen til meir tillit er framleis den same: meir openheit.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar, Haram Venstre