Bakgrunnen er enkel. Kommunen brukar kvart år store ressursar på tiltak for barn og unge, inkludering, arbeid og folkehelse. Det er bra. Men då må vi også kunne svare på eit grunnleggjande spørsmål: Verkar tiltaka?
For snart to år sidan tok Venstre opp behovet for eit meir heilskapleg system for å måle nettopp dette. Eit «utanfor-regnskap» handlar i praksis om å synleggjere både dei menneskelege og økonomiske konsekvensane av utanforskap – og ikkje minst verdien av førebygging.
Svaret frå ordføraren denne veka er todelt.
På den positive sida er datagrunnlaget i kommunen blitt betre. Haram har no betre tilgang til statistikk frå mellom anna SSB, KOSTRA, Ungdata og eigne kommunale tal. Det gir eit betre kunnskapsgrunnlag enn rett etter kommunedelinga.
Samtidig har kommunen framleis ikkje noko heilskapleg verktøy for å måle dei langsiktige effektane av tiltaka vi set i verk. Ordføraren viser til at KS lanserer ein ny versjon av «utanfor-regnskapet» i mars, og at kommunen først vil vurdere verktøyet nærare etter det.
Det er i seg sjølv forståeleg. Men Venstre meiner likevel at tempoet i dette arbeidet er for lågt.
For dette handlar ikkje først og fremst om eit teknisk verktøy. Det handlar om politisk styring. Når vi seier at tidleg innsats og førebygging er viktig, må vi også vere villige til å måle verdien av den innsatsen – sjølv om gevinsten kjem fleire år fram i tid.
Altfor ofte taper dei «mjuke» tiltaka i budsjettdiskusjonar, nettopp fordi resultata kjem seinare og er vanskelegare å dokumentere. Då treng vi betre styringsinformasjon – ikkje mindre.
Å investere i gode oppvekstvilkår, inkludering og deltaking i arbeid er ikkje berre sosialt rett. Det er også god økonomi for samfunnet. Men då må vi også vere villige til å synleggjere den verdien.
Difor meiner Venstre framleis at Haram kommune bør ha som ambisjon å ta i bruk eit slikt verktøy så snart det er fagleg mogleg.
For vi bør ikkje berre telje kostnadene ved utanforskap.
Vi bør også synleggjere verdien av å førebyggje det.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar, Haram Venstre