Ta vare på livet i havet – ta vare på verdiskapinga!

Foto: Pixabay

Møre og Romsdal er det fylket som eksporterer mest pr. sysselsett. 121 mrd totalt, eller 907000 kr pr sysselsett i 2025, er imponerande!

Uttale vedtatt på Møre og Romsdal Venstre sitt årsmøte 22.03.2026

Over 50% av desse inntektene er knytt til sjømat og maritim sektor. Møre og Romsdal er derfor i særklasse knytt til havet og verdiskapinga der. Men skal vi ta vare på denne verdiskapinga er vi nøydt å ta vare på livet i havet, som er sjølve grunnkapitalen vår.

I 2022 forplikta Norge seg på FN si naturavtale, som pålegg oss å verne 30% av naturen til havs og på land, og i tillegg restaurere 30% av øydelagt natur innan 2030. Desse måla er laga for at naturen og økosystema skal fungere, slik at artane kan vekse og trivast, og slik at vi framleis kan hauste av eit overskot. Måla er derfor ein føresetnad for vidare verdiskaping og utvikling.

For Møre og Romsdal Venstre er dette viktig:

  • Alle kommunane må kartlegge fjordane og kysten, slik at sårbare og verdifulle område kan bli freda (30% av areala, jf naturavtala).
  • Viktige gyteområde bør fredast i gytetida.
  • Tråling bør utviklast og regulerast i samråd med næringa for å redusere miljøavtrykka, med spesiell vekt på særleg sårbare områder.
  • Taretråling skal unngåast i sårbare områder og tillatast berre ved tildelt areal med gitt frekvens.
  • Co2-avgifta for fiskeflåten må samordnes med EU/EØS-landa.
  • Å opne opp for oljeutvinning utanfor Mørekysten (Møreblokka) er uaktuelt.
  • Arbeidet med å fjerne plast, søppel og utrangert fiskeutstyr må intensiverast.
  • Verdiskapinga for oppdrett er stor. Likevel har næringa framleis store utfordringar med sjukdom, rømming og “genar på avvegar”. Næringa er nøydt til å finne løysingar på desse utfordringane, i lag med forskarar og lokalbefolkninga.