Giske Venstre sitt forslag til politisk uttale, til Møre og Romsal Venstre sitt fylkesårmøte i Ålesund 2026

Politisk uttale frå Giske Venstre om CO2-avgift på fiskeflåten

Fjern CO2-avgifta

Den noverande CO2-avgifta på fiskeflåten oppnår ikkje sine tiltenkte klimamål. Vi
foreslår ei meir pragmatisk tilnærming som involverer internasjonalt samarbeid, og
utvikling av alternative energikilder. Resultatet av CO2-avgifta slik ho er utforma i
dag har negativ effekt på klimaet og blir difor oppfatta som rein symbolpolitikk.

Konsekvenser av CO2-avgifta

I dag har vi ei kompensasjonsordning for fiskeflåten. Denne er byråkratisk og
iftakompleks, og den treff ikkje rett. Når ein fjernar CO2- avgifta kan ein også bli kvitt
denne. Resultatet av CO2-avgifta blir fleire reiste nautiske mil og høgare samla
utslepp. Fartøy kan bunkre utanfor 12 mila for å unngå avgifta. Bunkring til havs
skjer frå utanlandske bunkersfartøy og er ikkje risikofritt med tanke på
oljeforurensing. Konsekvensar av CO2-avgifta er færre bunkringsanlegg på land,
særleg i nord, færre arbeidsplasser og redusert beredskap langs heile kysten.

Villfanga fisk er ei klimavennleg proteinkilde.

Ei særnorsk avgift fører til at fiskeri med
marginal lønnsomheit ikkje blir hausta. Dette går utover heilårsarbeidsplasser i
fiskerinæringa og mindre tilgjengelege proteinkilder med lavt klimaavtrykk.

Energikilder for havgåande flåte

Det eksisterer pr i dag ikkje nullutslepsteknologi som havgåande flåte kan nytte seg
av. Alternativ med lågare utslepp (LNG, Hydrogen eller amoniakk) kan ikkje
fiskefartøy benytte seg av. Giske Venstre ber fylkespartiet arbeide for å fjerne avgifta
til der er energikilder som kan nyttast.

Like vilkår

Norske fiskefartøy skal ha like vilkår som sine
utanlandske konkurenter. Vi må difor arbeide for internasjonale avtalar som sikrar
felles klimareglar for fiskerinæringa i Nord-Atlanteren.

Giske Venstre ønsker å fjerne CO2-avgiften på fiskeflåten inntil egna energibærarar
er tilgjengelige og internasjonale avtaler er på plass.

Vi vil ha klimapolitikk som verkar