Når prioriteringane sviktar dei tilsette i Haram

Foto: Nathan Dumlao/Unsplash

I siste kommunestyremøte kom ei alvorleg åtvaring frå kommunedirektøren: Sjukefråværet i Haram er no høgare enn det rekordhøge nivået vi såg i fjor vinter.

Dette er ikkje tilfeldig. Det er ikkje uflaks. Det er resultat av politiske prioriteringar.

Likevel vel fleirtalet (KrF, Sp, Ap, INP og SV) å møte situasjonen med skuldertrekk: Dei tilsette må vere nøgde med budsjetta – og løyse problema innanfor dei rammene dei har fått.

Det er ikkje leiing. Det er ansvarsfråskriving. Vi i Venstre har peika på dette over tid.

Sanninga er at dette fleirtalet systematisk har valt å nedprioritere nettopp dei tenestene der belastninga er størst. Helse, omsorg, skule og barnehage – ryggrada i kommunen – har blitt brukt som salderingspostar.

Samtidig har dei funne rom til å skjerme og prioritere prestisjeprosjekt som badeland – og i fleire tilfelle også prosjekt som kjem tett på eigne interesser, anten det handlar om eigne arbeidsplassar på Nordøyane, eigne barns barnehagetilbod eller eige lags klubbhus.

Det seier alt om kva som blir sett først.

Når ein tek frå dei som allereie har for lite, får det konsekvensar. Færre tilsette. Mindre tid. Meir press. Og til slutt: høgare sjukefråvær.

Dette er ikkje eit mysterium. Det er politikk.

Over 80 prosent av dei tilsette i Haram er kvinner, mange i dei mest belastande yrka vi har. Vi veit at kvinnehelse, turnusarbeid og høgt arbeidspress påverkar både trivsel og nærvær. Likevel har fleirtalet konsekvent stemt ned forslag om å ta dette på alvor – anten det gjeld konkrete kvinnehelsetiltak eller styrking av grunnbemanninga.

Vi i Venstre har fremja desse forslaga – fordi vi meiner det er nødvendig for både dei tilsette og kvaliteten på tenestene.

Så når sjukefråværet no aukar igjen, kjem det ikkje overraskande. Det er varsla politikk.

Fleirtalet likar å snakke om «nærvær» og «arbeidsglede». Men ein kan ikkje snakke seg bort frå underbemanning og pressa kvardagar. Ein kan ikkje vedta seg til lågare sjukefråvær utan å investere i dei som faktisk skal stå i jobben.

Det handlar om vilje. Vilje til å prioritere dei tilsette framfor prestisjeprosjekt. Vilje til å lytte når fagfolk og tilsette seier ifrå. Vilje til å erkjenne at gode tenester kostar – og er verdt det.

I dag manglar denne viljen. Resultatet ser vi no: eit sjukefråvær ute av kontroll og ein arbeidsgjevarpolitikk som sviktar dei som held kommunen i gang.

Det er ikkje dei tilsette som må «ordne opp». Det er fleirtalet som må ta ansvar.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre