INP snakkar om problema – men stemmer ned løysingane

Foto: Amir Hosseini on Unsplash

INP teiknar eit dystert bilete av Brattvåg og meiner manglande integrering er i ferd med å rive lokalsamfunnet i stykker. Det er alvorlege påstandar – og nettopp difor er det så viktig å snakke om kva som faktisk verkar.

Alle som har sett integrering fungere, veit det same: Språk er nøkkelen. Utan gode norskkunnskapar fell ein utanfor – i skulen, i arbeidslivet og i fellesskapet. Difor la Venstre fram eit konkret forslag i kommunestyret om ein heilskapleg plan for å sikre at elevar med eit anna morsmål enn norsk får den språkopplæringa dei har krav på. Vi foreslo å styrkje kompetansen i norsk som andrespråk, sikre lovpålagde vedtak, følgje elevane til dei meistrar språket godt, gi eit likeverdig tilbod i heile kommunen, bruke vaksenopplæringa betre og prioritere dette i budsjettet.

Dette er ikkje symbolpolitikk. Det er heilt grunnleggjande integreringsarbeid. Likevel valde INP å ikkje støtte forslaget. Det er vanskeleg å forstå. Ein kan ikkje både hevde at integreringa sviktar – og samtidig stemme ned eitt av dei viktigaste verkemidla vi har.

Det er lett å skape uro ved å peike på utfordringar i Brattvåg. Det er langt vanskelegare å ta ansvar for løysingane. Skal vi lukkast med integrering, må vi prioritere det som faktisk fungerer i kvardagen – og då startar det med språk.

INP står difor overfor eit val: halde fram med å beskrive problema, eller vere med på å løyse dei. Begge delar går ikkje.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre