Til innhold

Sondre Undheim Lokøy

Sondre Undheim Lokøy er tilsett som fylkessekretær i Venstres Hovedorganisasjon.

Han er også lokalpolitikar i Time kommune, der han er nestleiar i utval for levekår og 1.vara til kommunestyret. I tillegg er han medlem av trafikksikkerheitsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Han er særleg oppteken av fridom og moglegheiter i skulen, eit godt kollektivtilbod i heile fylket og eit levande kulturliv.

Sondre har tidlegare vore fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Rogaland i to periodar, fylkesleiar for Rogaland Unge Venstre 2022-2023 og sentralstyremedlem i Unge Venstre 2023-2025.