Fråsegn handsama av Vestland Venstre sitt fylkesårsmøte 8. mars 2026.
Dei siste 20 åra har vore prega av ukritisk satsing på skjerm i skulen. Både Høgre og Ap tek no til orde for mindre satsing på underhaldning og skjerm, og meir fokus på uthald i skulen. Dette er ein tanke som Venstre må slutte seg til.
Men me må ha to tankar i hovudet på same tid. I dag er både elevane og Noreg som samfunn, prisgitt amerikansk (og kinesisk) teknologi. Elevane må leiast over frå å vere passive konsumentar, til å bli sjølvstendige brukarar og produsentar.
Skal me i framtida designe teknologi som svarar på våre behov, i staden for å tilpasse oss utanlandsk teknologi, så må ungane få kunnskap og ferdigheiter i noko meir enn å scrolle på TikTok.
Eit forsøk på å innføre programmering vart gjort med læreplanen i 2020. Men i staden for å leggje det i eige fag, vart det putta på toppen av alle læreplanmåla i matematikk og naturfag. Elevane slit nok med å lære seg matematikk, om dei ikkje skal bruke desse timane til programmering også.. Resultatet er at elevane i liten grad har vore borti programmering når dei går ut av grunnskulen.
Sveinung Skule, som er leiar for Kompetansebehovsutvalet, skriv i DN 29.01.26 at me treng eit kompetanseløft for å sikre Norges digitale suverenitet: «Mangel på ikt-spesialister kan hindre utvikling av nye og sikre digitale tjenester og ansvarlig bruk av kunstig intelligens, både i offentlig og privat sektor. Da er det en stor utfordring at det er nedgang i antall elever og studenter som velger teknologi og realfag på alle nivå, fra ungdomstrinnet til høyere utdannelse.»
For å stoppe nedgangen i elevar som vel realfag, må det fleire tiltak til. Eit eige teknologifag i grunnskulen vil vonaleg få elevane til å innsjå at teknologien formar livet deira, men at dette er noko dei kan gjere noko med. Dei kan sjølve bli med på å styre den teknologiske utviklinga.
Kunnskapsministeren har sagt at eit nytt teknologifag er under utgreiing, men at dette ikkje hastar. Men det gjer det. Kunstig intelligens, big tech og amerikansk hegemoni, algoritmestyrte søkemotorar; det er på tide at me tek styringa sjølv. Elevane må settast i stand til å ta opplyste val og vere med på å forme framtidas digitale løysingar.
Elevane må få opplæring i algoritmisk tenking slik at dei kan jobbe systematisk og løyse strategiske problem i alle fag.
Innføringa av programmering stranda på at ein ikkje laga eige teknologifag med plass til programmering, samt at lærarane i grunnskulen ikkje fekk nok opplæring og etterutdanning. No må ein rette på dette, det må settast av pengar slik at teknologifaget får kvalifiserte lærarar. Dette er ei viktig investering for framtida.
Me har fått dei digitale tidstjuvane ut av klasserommet. No er det på tide å få inn det me eigentleg skal drive med: Kunnskapsbasert opplæring i programmering og teknologiutvikling.
Venstre meiner: Arbeidet med eige teknologifag må framskundast. Me må få på plass eit eige teknologifag i grunnskulen og vidaregåande utdanning.