Til innhold
Leiartrio i Vestland Venstre. Frå venstre Ingrid Nergaard Fjeldstad, Torstein Tvinnereim og Guro Svenkerud Fresvik., Foto: Venstre

Tenk nytt for Vestland - røyst Venstre

Vestland Venstre

Venstre er Vestland sitt liberale parti.

I ei tid der liberale verdiar er under stort press, både i Noreg og i resten av verda, trengst det eit parti som står opp for fridom, fellesskap og samarbeid, og mot enkle, populistiske løysingar.

Som Vestland sitt liberale parti kjempar vi i Venstre for å gi kvart enkelt menneske størst mogleg fridom, samstundes som vi tek vare på naturen og på kvarandre.

Bli medlem!

Me treng deg på laget! Bli med og ta ansvar for miljøet, for framtidas borgarar, for dei fattigaste og for folk som fell utanfor. Bli medlem her.

Ønskjer du å støtte Vestland Venstre økonomisk? Då kan du enten bruke kontonummer 6504.10.31799 eller vippse til #81038

Våre hjartesaker

  • Klima og miljø

    Menneskeskapte klimautfordringar og tap av natur- og artsmangfald er vår tids største utfordring. Å kutte klimagassutslepp, ta vare på naturen og forvalte naturressursar og areal på ein berekraftig måte er naudsynt for å sikre jorda for generasjonane som kjem etter oss.

  • Grønt næringsliv

    Venstre vil leggje til rette for at heile næringslivet kan satse på grøn innovasjon og fornying, og at Vestland tar ein leiande posisjon i utvikling og bruk av nye fornybare energiformer.

  • Skule og oppvekst

    Venstre vil gje deg fridom til å forme di eiga framtid, uavhengig av foreldre si bakgrunn og lommebok. Kunnskap og tidlig innsats skal sikre barna våre like moglegheiter. Mykje er bra med dagens skule, men ein god skule har alltid nye utfordringar. Me vil kutte i byråkrati, la elevene velje den skulen dei sjølv vil, styrke skulehelsetenesta og gje elevar som faller utanfor hjelp tidlig.

Nyhende

Flere nyheter

Våre lokallag i regionen

Her finner du ditt lokallag. Velg din kommune og klikk 'Ditt sted'

Kontakt våre folk