Fråsegn handsama av Vestland Venstre sitt fylkesårsmøte 8. mars 2026.
Havbruksnæringa er Noregs nest største eksportnæring og ein avgjerande del av verdiskaping og busetnad langs kysten.
Samstundes påverkar næringa økosystema i fjord og hav i stor grad. For å sikre legitimitet og vidare vekst treng næringa tydelege, kunnskapsbaserte og føreseielege rammevilkår som balanserer næringsutvikling med omsynet til natur og miljø. Villaksen sine livsvilkår i havet må utredast.
I fleire fjordområde ser vi aukande miljøpress frå lakselus, sjukdom, rømming og utslepp frå opne merdar. Dette fører til svekka økologisk tilstand, redusert biologisk mangfald og press på villaks og sjøaure. Oppdrett må difor utviklast på naturens premiss, med betre regulering i sårbare fjordar og ein tydeleg politikk for kvar oppdrett bør lokaliserast.
Venstre meiner lukka opprettsanlegg i sjø er ein del av løysinga. Havbruksnæringa er viktig for sysselsetting og verdiskaping for landet, og særleg langs kysten. Denne viktige næringa treng eit enklare og meir føreseieleg regelverk som legg til rette for teknologiskifte og meir miljøvenleg produksjon.
I dag opplever mange aktørar eit fragmentert og byråkratisk system som hemmar innovasjon. Ved å modernisere regelverket, styrke koordineringa i forvaltninga og gi betre insentiv til ny teknologi, kan vi sikre både berekraftig havbruk og vidare verdiskaping langs kysten.
Berekraftig omstilling og vekst krev ikkje berre krav for å sikre miljø, men også gode og føreseielege rammevilkår for næringslivet. For Venstre er det viktig at nivået på grunnrenteskatt ligg på eit nivå som sikrar at små og mellomstore aktørar er i stand til å omstille seg til utsleppsfri teknologi.
Skal havbruket ha legitimitet og vekst i framtida, må utviklinga skje innanfor tydelege økologiske rammer, og stabile føreseielege vilkår. Berekraftig vekst krev systemendring – ikkje berre nye enkeltkrav.
Små og mellomstore aktørar vert ramma av stadig fleire komplekse prosessar, krav og reguleringar, medan dei store har ressursar til å handtere regelbyrda. Gjeldande regelverk må gje ein tydeleg retning og vere fleksibelt nok til å legge til rette for vekst. Teknologiutvikling for vern av natur og dyrevelferd.