Fråsegn handsama av Vestland Venstre sitt fylkesårsmøte 8. mars 2026.
Sett eingongsstønad ved fødsel lik grunnbeløpet i folketrygda!
Kvinner som ikkje har opptent rett til foreldrepengar, har rett til eingongsstønad. Dette gjeld ofte studentar, nyutdanna og kvinner utan fast arbeid. Dette beløpet vert ikkje indeksregulert, og det går ofte nokre år mellom kvar regulering av beløpet. I 1.halvår av 2023 var talet fødande som mottok eingongsstønad ved fødsel 415 personar i Vestland fylke. Det gjev eit anslag på ca 850 personar pr år, med ein total kostnad på kr 78 750 800,-.
I 2025 var eingongsstønaden kr 92 648,- som den har vore sidan 1.jan 2023. Vestland Venstre vil kople denne stønaden til grunnbeløpet i folketrygda, slik at den vert indeksregulert kvart år, i tillegg til at den vert føreseieleg, og vil heller ikkje gje meir sakshandsaming hos NAV.
Grunnbeløpet i folketrygda i 2025 var kr 130 160,-, medan eingongsstønaden var kr 98 648,-, som tilsvarer 71,18 % av 1 G. Vestland Venstre støttar ikkje framlegget frå AP-regjering hausten 2025 om å kutte beløpet ned til kr 60 000,-. Noko som heldigvis ikkje fekk fleirtal i Stortinget.Vi meiner at denne stønaden er svært viktig for dei som ikkje har opptent rettar til foreldrepengar, som uansett er ei mykje dyrare ordning enn eingongsstønad.
Det viktigaste er at mor og barn er sikra. Det er store kostnader ved å få barn, spesielt om det er første barnet. Framlegget til regjeringa vil ramme kvinner med lavast inntekt. Dei har det vanskelig nok fra før, og regjeringa vil dermed gjere det vanskeligere å få barn for dei som har minst.»
Regjeringa meiner det vert fødd for få born her i landet. Men dagens ordning bidreg til dette. Mange kvinner utset første barn til dei nærmar seg 30 år, fordi dei må sikre seg lønnsarbeid. Og mange tar abort fordi dei ikkje har økonomi. Resultatet er færre barn og aukande sosial ulikskap.
Det er også meiningslaust at retten til permisjon og pensjonspoeng er avhengig av at du er i lønna arbeid. Reproduksjon er samfunnsbærande, men gir berre bonus til dei som er i fast jobb.
Vestland Venstre ønskjer at eingongsstønaden vert sett til 1 G, for å sikre indeksregulering og tryggleik for mor og barn.