Arkiv: Haram

Når Høgre og Venstre fjernar Badeland, forsvinn også eigedomsskatten frå 2029 

Det mykje omdiskuterte Badeland-prosjektet i Brattvåg sentrum har i fleire år stått som symbolet på feilprioriteringar, urealistiske kalkylar og dårleg økonomistyring. Venstre har gjennom heile prosessen vore den tydelegaste motstemma. Vi har stilt dei kritiske spørsmåla, utfordra rekneskapa og åtvara mot konsekvensane for kommunen si framtidige økonomi.